Olav Fykse Tveit, generalsekretær Kirkenes Verdensråd

Preike på Vingardssundagen, 26. august 2018

I anledning av at KV er 70 år – økumenisk gudsteneste og markering i Metodistkirken på Grünerløkka, Oslo

 

Tekstar: 1 Kor 3, 4-11; Luk 17, 3-10

 

Kjære søstre og brør i Kristus!

Dette er ein flott dag å markere og feire at World Council of Churches – «Kirkenes verdensråd» eller berre «KV» på norsk – har fremja einskap og fellesskap mellom kyrkjene i verda og tent menneske og høyrt deira rop for rettferd og fred i alle delar av verda i 70 år. Den 23. august 1948 vart rådet offisielt etablert i Amsterdam, på det som var den første generalforsamlinga. Der samla dei seg frå 147 kyrkjer i verda. Både det som sidan vart United Methodist Church, og Den norske kyrkja var godt representerte og aktivt med på å førebu og å sette i gang dette tiltaket. Eg vil takke for at de saman med Norges Kristne Råd og Kirkens Nødhjelp, to viktige partnarar for KV i dag, har tatt initiativ til denne fine markeringa av eit unikt arbeidsreidskap i Guds hage i verda.

Den 23. august, på torsdag, var mange samla i Neuwe Kerk i Amsterdam, for å feire jubileet. Vi gjekk ein fredsmarsj gjennom byens travle gater, og mintest den dramatiske krigshistoria som prega alle i 1948, ikkje minst jødeforfølginga og – utryddinga. Vi mintest også Nederland og Amsterdam som ein fristad for forfølgde kristne i mange hundreår, kolonimakta og deira grep på verda. Vi mintest viktige økumeniske leiarar og tiltak, kampen mot apartheid (eit hollandsk ord som vart til ideologi, politikk og endå til teologi i Sør-Afrika) – og vi såg kyrkjene som i dag vert brukt til andre ting enn å be og feire gudsteneste. Og vi såg kva Frelsesarmmen gjer saman med dei som lever der i dag – også i det berømte Red Light District.

Det gav eit spesielt høve til å undrast på kva tankar som prega dei som var der i 1948 og dreiv dette fram. Temaet sa ganske mykje: «Man’s disorder and God’s design»! I preika på opningsgudstenesta talte metodistpresten D T Niles frå konferansen på Ceylon (den gongen heitte det så) over teksten om då Moses vart kalla til teneste for Gud. «Who am I that I shall go to Pharao and bring the Israelits out of Egypt?” “Who am I?”

Dei sto overfor enorme utfordringar og sette seg ambisiøse mål. Og dei var djerve når dei tok opp dagens realitetardei sto overfor: Korleis konfrontere dei veldig splittande kreftene og den voldsomme rasisme og nasjonalisme som hadde drive fram katastrofen? Korleis verne menneskeverd og møte behove til millionar av flyktningar og migranter? Korleis forkynne evangeliet truverdig om ein nådig og kjærleg Gud etter alt som hadde skjedd – til dels med påstand om at det var i Guds namn? Korleis bygge tillit og einskap mellom kyrkjene? Den gongen var det forbudt for katolikkar å delta i økumeniske arrangement. Det var eit rop etter forsoning mellom både folk og kyrkjer. Ein kjente nok lite til kvarandre, for eksempel var det stor avstand mellom ortodokse kyrkjer i aust og protestantiske kyrkjer i vest.

«Who am I?» «Kven er vel eg?» Det er eit ekko av dette spørsmålet også i bibeltekstane for Vingardsssundagen. Men spørsmålet kjem til oss på litt ulike måtar.

«Gjev oss meir tru!» ba apostlane (som dei vert kalla av Lukas). Dei kunne kjenne på at oppdraget dei var sendt til krevde noko meir av dei enn dei kunne bidra med. Gje oss meir mot, meir tru på at det nyttar!

DT Niles fann styrke i svaret frå den Gud som kalte han: «Eg vil vere med deg.» «Eg er med dykk all dagar så lenge verda står», sa Jesus.

Dei vågde å tru at Gud ikkje var uberørt av all verdas nød og rop frå konsentrasjonsleirar og krigsofre og flyktningar. Dei vågde å tru at Gud framleis elska denne verda. Og dei vågde å tru at dei sjølve var kalt til å vise det, i ord og i praktisk handling.

Det var ikkje nytt at menneske tvilte på eigne krefter og tru i møte med livsoppgåvene Gud kallar oss til på ulikt vis. Det var heller ikkje nytt at ein fann trøst og styrke i Guds ord. Men det som var nytt i 1948 var at dei såg tydelegare enn før at dette må vi gjere dette saman, vi må våge saman, vi må dele trua på Jesus Kristus som Herre og frelsar – saman. Det vi er kalt til maktar vi ikkje om vi held fram med å vere splitta – og til og med motarbeide kvarandre. «We are committed to stay together.» Slik lyder det i bodskapen frå Amsterdam til kyrkjene og verda.

Lovnaden frå Gud «eg er med deg» vart tolka vidare og forstått også som eit ord dei måtte dele og gi til kvarandre: «Vi vil vere med kvarandre» - «vi er forplikta til å stå saman».

Dei visste kva det var å vere adskilt og kva det var å vere sameina i tru. Ei av historiene som har bore fram denne kjensla – og vissa - er fortalt er om biskopen i Oslo, Eivind Berggrav. Då han var husarrest i hytta si i Asker under nazi-regimet i Noreg fekk han ei jul, på slutten av krigen, då det såg som mørkast ut og tvilen dro han ned,  ei melding: Erkebiskopen av Canterbury hadde bedt for han på julaftan på BBC. Det gav han det motet han trengte til å fortsette å tru på både fred og rettferd. Då kjente han på hjarteslaget kva einskap i kyrkja var. Det var eit sennepskorn av tru.

Å vere eitt kosta noko og var verdt noko. Det visste dei frå dei harde tider. Og det skulle dei og vi lære frå arbeidet i KV: Det er hardt arbeid, og det er ikkje alltid ein ser resultatet – i alle fall ikkje med ein gong. Men det er ikkje mindre viktig å gjere det, saman. Tvert imot, det er nettopp det som er saka. Og det er kanskje Jesus meiner: Når vi spør etter meir tru, svarar han med at vi skal gjere det vi er sett til å gjere. Det er nok.

Det er vel det som Paulus strir med i sine oppmuntringar og formaningar til kyrkja i Korint, den verdsbyen og handelsbyen der det var blitt ei svært mangfaldig kristen kyrkje – med mange motsetnader. Det økumeniske problemet var tidleg reelt. «Kven er vel Appolos?» «Kven er vel Paulus?» Grupperingar som vert til motsetjingar og splittingar har følgt kyrkja i alle tider.

Det økumeniske svaret er det same: Vi er kalt til det same oppdraget, sjølv om vi er forskjellige og har forskjellige gåver og bidrag å kome med. Vi må fokusere på det som bind saman i kjærleik. Grunnvollen er den same og den er lagt: Jesus Kristus. Det er ingen annan og vi tregn ingen annan. Det gudfiendtlege, det vonde i verda, og i kyrkja, og potensielt i oss alle - er for sterkt til ei splitta kyrkje. Vi treng kvarandre som lemene på den same lekamen treng alt vi har og alle som høyrer til Jesu kristi kyrkje på jord. Og det kan berre haldast saman i kjærleik. Ikkje i det perfekte. For det finst ikkje. Men i det gode vi kan gje kvarandre og gje saman i kjærleik. For det «er Kristi kjærleik som driv oss» (2 Kor 5,14).

For oppgåvene ligg der og ventar, rett framfor oss. I dag som i 1948. Mykje er annleis, og noko liknar.

Det var mange viktige tiltak og erklæringar i åra etter 1945 som skulle svare på ropet «aldri meir, aldri igjen». Internasjonalt samarbeid i FN, menneskerettserklæringane, internasjonal lov og avtalar om samarbeid vart utvikla. I dag er det eit veldig press mot internasjonalt samarbeid og tilbake til at dei sterke gjer som dei vil. Demokratiske nasjonar vender multi-lateralt internasjonalt samarbeid ryggen, og leiaren i den mektigste nasjonen i verda hissar til splittelse, rasisme og forakt for andre.

Dei som starta KV og dei som har vore involverte i KV har sidan vore med på å fremje kontakt og samarbeid over alle grenser. I den kalde krigen vart det viktig. I dag er det viktig når vi besøkjer både Seoul og Pyongyang.

Mange i Noreg har deltatt i KV sitt ledsagerprogram for rettferd og fred i Palestina og Israel. Det er eit krevjande oppdrag, men veldig viktig for dei det gjeld.

I samarbeidet i KV har ein lært at ein må seie både «ja» og «nei». Det var svært tydeleg i programemt for å bekjempe rasisme. Kampen mot apartheid gjorde at samarbeidet med KV her til lands vart aktivt og kjent - for kyrkja i Noreg og andre samarbeidspartnarar i Noreg. Det vart eit vegskilje og ein stor inspirasjon for mange i forståinga av kyrkja si rolle i kamp mot urett og for fred. Kammpen mot rasismen er diverre ikkje over, ikkje i noko kontinent og land. Heller ikkje i Noreg og i Europa.

KV fordømte bruk av atomvåpen alt i 1948 som synd mot menneske og Gud. I fjor mottok ICAN, der KV er aktivt medlem, Nobels fredspris, for arbeidet med å få til eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. Trusselen frå slike våpen er diverre vorte heilt reell igjen.

For 30 år sidan starta KV eit tiår for «Churches in solidarity with women». Det hadde store ringvirkningar, også her til lands. Den første kvinne ordinert til prest i Noreg var metodist (1954) og den første kvinne med tilsynsmannsrolle var metodist (Jorun Wendel). Andre kyrkjer (så som Den norske kyrkja) har fulgt etter. Inspirasjonen til dette kom mellom anna frå KV. Men arbeidet for å skape eit rettferdig fellesskap for kvinner og menn er på ingen måte ferdig. Kvinner er ofte dei som lir mest i konfliktar og etter konfliktar.

Denne veka var eg i Den demokratiske reuplikken Kongo (DRC), i ein felles delegasjon med representantar frå Vatikanet. Kongo treng eit rettferdig valg, med frie og pålitelege prosedyrer. Kyrkjene der vil no samarbeide i denne siuasjonen før valget i desember med den målsetting. Forholdet til den katolske kyrkja er heilt annleis enn i 1948. Pave Frans sitt besøk til KV 21.juni i anledning 70-årsjubileet markerte det tydeleg. Mottoet var : «Walking, praying, working together». Ei av fruktene var at vi kunne dra saman til Kongo i fredens og rettferdas sak.

På den tiande generalforsamlinga, i Busan i Korea i 2013, har ein knytta banda til 1948, ved å slå fast «We are  committed to move together». KV har invitert kyrkjene i KV, andre kyrkjer, og mykje vidare – til å vere saman som pilgrimar for rettferd og fred. Dette er å fornye samanhengen mellom vår tru og oppgåvene som ventar på oss i verda. Men det er også eit uttrykk for at vi må vere saman som menneske, med opne hender og opne sansar for kva som trengst. Vi har ikkje svar og løysingar på alle spørsmål, men vi har oss sjølve.

I dag gjeld det å sjå etter kven som er villige til å gå saman med oss på fredens og rettferdas veg.

Vi skal gå med ei fornya tru på at Gud vil gå med oss.

La oss ikkje gløyme kva Gud har gjort. Gud har skapt oss, frelst oss, og kalt oss til liv i meiningsfulle oppgåver - saman. I dag takkar vi Gud for alt som er gjort gjennom desse åra i KV. I dag takkar vi for alle som har stått i arbeidet for einskap, for fred og rettferd, og som har stått på når det røynte på motivasjon og krefter og tru. I dag takkar vi for det «nådens fellesskap» vi kan leve i mellom Metodistkyrkja og Den norske kyrkja her i Noreg.

I gudstenesta i dag er vi minna på vår dåp, og vi takkar for at dei økumeniske samtalene har ført til at vi gjensidig anerkjenner kvarandre sin dåp. Vi høyrer Kristus til gjennom vår dåp.

I dag håper og ber vi om at samarbeidet mellom oss må styrkast, at vi kan våge meir saman, at vi kan ta nye steg saman med alle som vil gå fredens og rettferdas veg.

Vi er kalte til å tene. Saman. I namnet åt den Gud som har vist seg som skaparen, frelsaren og livgjevaren.

Ære vere Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Amen.