Olav Fykse Tveit, generalsekretær Kirkenes Verdensråd

Preike  på Nynorske festspel 02.07. 2017

Ivar Aasen-tunet, Ørsta

Tekst: Markus 10:17-27 Tema:  ER DU MED?

 

17 Då Jesus skulle fara derifrå, kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» 18 Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud! 19 Boda kjenner du: Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal ikkje lura til deg noko, æra far din og mor di.» 20 Han svara: «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.» 21 Då såg Jesus på han og fekk han kjær. Og han sa: «Éin ting manglar du: Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 22 Då han høyrde dette, fór det ein skugge over andletet hans, og han gjekk sorgtung bort, for han eigde mykje.
23 Då såg Jesus omkring seg og sa til læresveinane sine: «Kor vanskeleg det blir for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike!» 24 Læresveinane vart gripne av otte og undring då han sa det. Men Jesus tok til orde att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike *for dei som set si lit til rikdom•. 25 Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 26 Då vart dei reint forstøkte og sa til kvarandre: «Kven kan då bli frelst?» 27 Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud.»

 

Er du med?

Jesus er på reise til Jerusalem. Forteljingane i Markusevangeliet handlar om kven som er med, og kven som ikkje er det. Jesus er i ferd med å ta i veg vidare, då han vert halden att av ein som kanskje vil vere med. Det er ein som anar at her er det meir enn nokre gangstiar vidare det handlar om. Det er den store livsreisa det gjeld: «Kva skal eg gjere for å arve evig liv?» Det var ikkje akkurat ein signatur til samlinga eller ein selfi til svigermor han ba den gode meister om.

Han fekk svar, men kanskje ikkje det han venta. For han vart ståande att. Han vart ikkje med. Han hadde for mykje med seg som han ikkje kunne la liggje att for å ta ut på si store livsreise, ut av det livet han hadde, og inn i det store landskapet, det evige liv. Rikdomen vart ei bør som stengde han ute. Han var ein stormann, så stor at vart han for stor til å vere med på det største. Slik viste han for Jesus og for seg sjølv at han eigenleg var småskoren. Å vere raus, å la andre få av sin store rikdom, det vart for mykje. Og då vert det trongt, både for andre og for han sjølv. Like trongt som for ein kamel som skal gjennom eit nålauge.

De har «tabu» som tema for desse festspela. Mi neste preikeferd etter Ørsta og Volda er til Tonga i Stillehavet, der dette uttykkjet skal stamme frå. Min gode kollega Katalina Williams som er frå Tonga, har gitt meg eit litt annleis bilete av kva eit tabu på Tonga er. Det er noko ein omtalar med stor respekt eller som er forbode å nemne, ikkje fordi det er noko stygt eller farleg, men fordi det er sentralt og viktig, det er det beste, det ein vil verne om, naturen ein lever av, familierelasjonane, dei gode livsreglane, livets gyldne sider. Det som er tabu er heilagt. I vår språkbruk er det helst det ein ikkje snakkar om fordi ein ikkje likar det som ein gjerne tenkjer på når ein høyrer ordet «tabu». Men det er altså opphavleg andre grunnar til at det ikkje skal snakkast om eller berørast enn at ein ikkje likar det.

De har sikkert tenkt mykje desse dagane på kva for tabu ein har her til lands i vår tid, og kva vi ikkje har lenger. Og ein kan jo med god grunn stille følgjande spørsmål ut frå dagens tekst: Er det «tabu» å tale om rikdom i Noreg? Det er ikkje alle som likar at andre veit kva ein tenar eller eig. Men etter det eg kan sjå, er det ikkje nødvendig å lese skattelister for å sjå at det er mykje rikdom i Noreg, i alle fall mellom nokon.

Det er kanskje heller «tabu» å snakke om kva rikdom og velstand betyr for oss, kor mykje det betyr, kor uendeleg mykje det betyr. Eit veldig tankevekkjande teikn på at rikdom og velstand er vorte så viktig at det er vorte tabu, var at New York Times forrige veka hadde ei halv førsteside om «the Norwegian Paradox». Det var om landet her i nord som vil berge klimaet i verda i forhandlingar og gje store summar til vern om regnskog, men som byggjer ut nye sårbare område stadig nærare Arktis for å leite etter meir fossilt brennstoff – som jo er hovudproblemet bak klimaendringane ‒ for å sikre sin eigen økonomi. Er rikdomen vorte så viktig at det må amerikanske journalistar til for å vise oss paradokset? Er det så viktig at andre større perspektiv ‒ så som korleis barnebarna skal leve på denne kloden ‒ vert eit vanskeleg spørsmål, eit tabu? Eller at vi helst ikkje vil vite kva som skjer med fattigfolk på snart overflødde Stillehavsøyer? Vert det trongare rundt oss dess rikare vi vert, slik at vi vert mindre rause og meir småskorne, slik at vi helst ikkje vil ha fleire inn i landet som vi skal dele velstanden med (sjølv om vi veit at det er menneske som flyktar frå hus og heim for å overleve krigens vanvidd og herjingar)? Kan det verte litt for trongt her i landet, så lite raust, at det til slutt også vert litt for trongt for dei verdiane vi gjerne seier vi vil stå for?

--

Er du med?

Eg veit at det er lettare å male med brei pensel. Det er jo mange nyansar her. For all del: Vi er med på både det eine og det andre og tredje gode tiltak her til lands og i utlandet. Og vel så det. Det er ikkje det det står på.

Men: om vi spør litt annleis: Er du med? Då kjenner nokre av oss kanskje att vekkjingstalarens urovekkjande røyst: Er du med i flokken, er du med mellom dei vakte, er du med på vegen til himmelen? Det var ikkje like enkelt å vere den kritiske røysta som skulle vekkje andre. Predikantane kunne nok skjelve både i røysta og sikkert i kropp og sjel, også når det evige alvor skulle leggjast inn over tilhøyrarane.

Det er er nok lettare i dag å vere ei kritiske røyst som seier at dei spørsmåla tenkjer vi ikkje så mykje på lenger, eller at det der er vi i grunnen ferdige med. Bedehuset er kome på museet no.

Men er bodskapen arkivert, også? Er spørsmålet gått ut på dato, gjeld det ikkje lenger? Er det ikkje noko evig liv å tale om lenger? Er det det vi har i huset, på hytta, i båten, i hendene våre ‒ og det som er tilgjengeleg på bankkortet ‒ som er vorte det viktigaste, det heilage? Er det slik at «vi har alt, men det er også alt vi har», som Ole Paus sa?

Så enkelt kan det seiast, men så enkelt er det nok ikkje. Vi lever nok alle i meir samansette relasjonar, vi er med på så mangt – både godt og mindre godt. Det kan faktisk vere tid for å sjå litt nærare på kva spørsmålet om det evige livet handlar om.

Det er jo ikkje berre livet som kjem etterpå, etter døden, som er det evige livet. Det evige livet er det nye livet i Kristi etterfølging, og startar her og no, fortel Jesus i Johannesevangeliet. Det er det vi får del i allereie no, gjennom dåpen og trua på Gud som har kome til oss i Jesus Kristus. Det livet vi lever her og no kan også pregast av det innhaldet, den intensiteten, den livskrafta og den kjærleiken som er sterkare enn døden, og som ikkje let seg avgrense av det endelege og avgrensa i våre liv. Men det er ikkje eit heilt anna liv, det er ein annan dimensjon i det livet vi lever her og no.

Det livet Guds Ande skaper, har mange dimensjonar. Det er eit liv der hjarta bankar i oss, så blodstraumen går til alle lemmer og celler i vår forunderlege kropp. Så vi ikkje berre kan leve, men oppleve, så vi kan leve saman, så vi kan skape liv og glede og meining for kvarandre, så vi kan skape nye uttrykk for livets mange sider, mørke og ljose, så livsens fargar kan spele i himmelranda eller i våre ord, i våre penslar, i våre tonar, i våre språk, så tungebandet kan losne, så venskap kan bli skapte, så born kan verte unnfanga, fødde og oppseda, så kjærleiken kan knyte band mellom menneske av ulike kjønn og legningar, så draumane kan både verte drøymde og sanne, så vi kan ta vare på den verda Gud har gjeve oss til vår felles heim.

Alt dette og meir til er livet, og det handlar om meir enn talet på timar og dagar og år. Det handlar om livet i sin fylde, livet med si meining, livet i si glede, om livet som vi er med på. I pinseunderet høyrer vi at den evige Guds livsande, som har skapt alt, og som brukar alle verdas språk (og dermed kulturar) til å forkynne bodskapen om synd og nåde, om det evige liv. Dette skjer her og no, i den verda vi lever i.

Ifølgje slutten på openberringsboka i Bibelen skal folkeslaga ta med inn i det evige det beste frå deira kulturar og språk. Det er vorte ein viktig tekst for mange folk og kyrkjer som har levd under kolonialiseringa sitt trykk eller globaliseringa sin utslettande kapitalisme. Det er noko som er heilagt, noko som skal vernast, i det mangfaldet og dei kulturar og språk menneske har. Enten det er på Tonga i Stillehavet, eller det er i det okkuperte Palestina, eller det er mellom samar i Nord-Sverige, eller det er i det vesle landet Sveits med fire offisielle språk: Menneske ser at livets fylde og rikdom er ikkje berre pengar ein har eller ikkje har, men ikkje minst den kulturen og det språket ein har og alt som kan bli sagt og skrive på det språket. Trua på Gud vert uttrykt best på det språket som talar til hjarta om livet.

Difor handlar det evige livet om noko anna enn å trekkje seg vekk frå det beste i dette livet. Det evige livet handlar om liv, og liv i overflod, livet i all dets fylde – med alle dimensjonar som er sameint i livets alvor og glede.

Er vi med på notane når nokon tek opp tonen til ein lovsong til Gud, eller spelar opp til livets dans? Er vi med når andre treng vår hand eller skulder eller vårt øyre, fordi livet ikkje var så lett å ha med å gjere? Det evige livet handlar om livet med si uendelege glede og sitt store alvor. Det handlar om livet med det store ansvar for andre og for vårt eige liv, kva har vi gjort, og kva har vi forspilt, og ikkje minst kva har vi brukt alt det vi hadde mellom hendene til.

Fyrst av alt handlar det evige livet om nåden, om tilgjevinga, om den nyskapande nåden som kan hjelpe oss ut av det som er småskore, urettferdig og uansvarleg. Luther sine teser i Wittenberg handla ikkje om at kyrkja skulle slutte å forkynne omvending, bot og betring. Den fyrste tesa var eit sitat frå starten av Markusevangeliet, og den spelar på det same som ligg i dagens tekst: «Då vår Herre Jesus Kristus sa ‘gjer bot!’, meinte han at heile den kristne sitt liv skulle vere eit liv vi bot.» Ein kan ikkje kjøpe seg ut av livets eigenlege spørsmål og alvor. Men for Guds nåde er alt mogeleg.

Alt dette og meir til handlar det om når det gjeld det evige liv, som har teke til her og no, som har kvalitet og fylde som livet med livsens Gud, som skaper og heldt oss oppe kvar dag til eit liv for andre, til eit liv i fellesskap.

Det er dette som står på spel når den unge rike mannen vert utfordra. Det er ikkje nok med ei god karkaterbok, om det er frå skulen eller sundagsskulen, eller å ha ein god CV eller feite bankkonti. Det det gjeld er om han vil vere med på vegen vidare. Den kunne bli spanande, lærerik og meiningsfull, men det ville også kunne verte ein veg saman med fattige, i motbakke, mot det urettferdige, mot dei som undertrykkjer, mot dei som er opptatt av å berge seg sjølv og ikkje vil tale sant. Det vart ein veg heilt til Golgata for Jesus, men det vart også ein veg gjennom død til evig liv for oss. Det var alt dette den unge rike mannen let gå frå seg, då han sto att med sin store rikdom.

--

Livet har mykje rikdom og fylde. Det er ikkje alltid ein annan stad, der dei andre kivast om stordomen, men det er her, mellom våre bakkar og berg. Det gode kan jo vere nettopp her vi er, i det vi har fått.

--

Det var veldig gjevt å verte invitert til å tale på nynorske festspel, og eg vil gjerne seie litt om kvifor det er gjevt for meg, og kvifor det på ein spesiell måte er eit uttrykk for kven eg er og kva eg trur på. Det har noko å gjere med mi oppfatning av kva eg opplever høyrer med til det evige livet her og no. Dette gjer meg også tryggare på at eg betre kan forstå kva som rører seg når eg møter menneske av ulike språk og kulturar i verda. Det heng saman med korleis eg sjølv har opplevd spørsmålet om livets meining og det evige livets rikdom og fargar nettopp i dette landskapet og i det nynorske språket.

I bokhylla heime sto Ivar Aasens ordbok. Den var ikkje alltid framme, men den var fasit når far skulle prove kva ord og bøyningsformer som var råd å leggje i Scrabble. Hans ordforråd var stort og til dels framand for meg. Då eg vart utnemnd til å vere sokneprest i Haram 27 år gamal, var eg på leit etter mitt uttrykk for alt det kyrkja sto for og lærte gjennom tidene, og som eg hadde lært ein god del om, men som måtte få ord og former som eg kunne bruke i min munn ‒ og som nådde inn til hjarta hjå dei eg skulle vere prest for. Då skjøna eg at det måtte nå inn til mitt hjarta fyrst. Litt forlegent hadde eg omsett alt eg hadde lest og høyrt på ulike språk i eit langt embetsstudim til mine eigne nynorske notat.

Men då eg kom til Haram, skjønte eg betre kvar dette språket mitt høyrde heime. Det var både folket og kyrkja sitt språk, det forma både daglegtalen med sine ord og idiomar om kva ein eigenleg meinte og tenkte, og det forma bibelord og salmar og tekstar som bar liv og meining fram frå djupet.

Det er fint å få kome innanfor. For det er underleg å vere utanfor, å ikkje vere med, fordi andre set rammer som ikkje høver for meg og den eg er. Dei kulturelle hinder kan gjere at det beste vert framandt, også det evige. Det er ein viktig lærdom å sjå det store samfunnet frå utkanten, i alle fall frå det nokon meiner er utkanten. Den som bur der, veit at det viktigaste kan skje nettopp der. Det er ein viktig lærdom å kjenne på at ein kan kome på utsida, endåtil av trua og trua sitt fellesskap, fordi spørsmålet om det evige livet vart besvart på ein alt for trong måte.

Det vart eit privilegium for meg å vere nynorskbrukar som prest. Mi erfaring hjelper meg til å forstå kor viktig det er å vere anerkjent, å vere godteken med den kulturen og språket ein har, ikkje berre som ein kuriositet med noko som er vakkert å høyre på, men for det ein er og slik ein seier det. Det er avgjerande å kunne utrrykkje det som ligg meg på hjarta i ei form som er mi eiga. Samanhengen mellom form og innhald er ein del av livets fylde og meining.

Det same opplevde eg i ein samtale om bruken av joik i liturgien då eg var på samiske kyrkjedagar i Sverige for nokre dagar sidan. Det er uttrykk som kjem frå hjarta, det er noko som skal uttrykkje det største, det evige, den store kjærleiken til livet, til naturen, til alt og alle som lever, til seg sjølv, og til Gud. Å bli fornorska er ein sams lagnad for våre landsmenn som er samar og kvener, og vi som kjenner majoritetstrykket på nynorsk, skulle vere mellom dei fremste til å forstå at dette tok mykje av livets glede og fylde bort. Og at sanninga om det som skjedde, no må fram for å skape forsoning.

--

Spørsmålet om kva som fører til det evige livet, og ikkje minst spørsmålet om kva det evige livet er, er ikkje gått ut på dato. Tvert imot. Det er vel viktig som aldri før å finne det som gjev meining, og kan bere oss både i liv og død, framover mot Guds morgon.

Då gjeld det å ikkje gjere spørsmålet for enkelt og heller ikkje for vanskeleg.

Spørsmålet om det evige livet var – og er ‒ eit spørsmål om vi vil følgje den gode rettleiing som Guds bod gjev oss. Det var ikkje eit dumt spørsmål den rike unge mannen kome med. Det er godt om vi held oss til gode normer og reglar for det gode livet. Det trengst gode tabu, som ein har på Tonga. Det er noko som skal vernast: Det er ei betre verd der menneske ikkje stel, lyg eller drep kvarandre, der makta ikkje vert brukt til undertrykking og krig, men vert brukt til å skape rettferd og fred for alle.

Spørsmålet om det evige livet får ikkje eit endeleg svar om vi ikkje opnar hjarta for det Gud gjev oss og vil gje oss gjennom Kristus. Nåden kan opne hjarto slik at vi kan verte takksame og glade for alt det Gud raust gjev oss gjennom alt vi er ein del av, natur, fellesskapet, språk, musikk og kultur. Nåden kan opne våre hjarte så vi sjølve blir rause og auser av kjærleikens og livets kjelde. Uroa som dagens tekst måtte skape om vår sivilisasjons «tabu», skal vi vel ikkje berre døyve så lett.

Spørsmålet om det evige livet er slik sett om vi har plass for lengten, for draumen ‒ at berget kan opna seg, at hjarto kan opna seg, og at vi kan siga inn på ein våg me ikkje visste om.

Alt er mogeleg for Gud.

Amen.