World Council of Churches

A worldwide fellowship of churches seeking unity, a common witness and Christian service

You are here: Home / Resources / Documents / WCC general secretary / Speeches / Keynote speech at Being “Holy common”, Oslo, Norway, October 2018

Keynote speech at Being “Holy common”, Oslo, Norway, October 2018

Some 500 youth workers and leaders from churches all over Norway gathered outside Oslo in October, for a youth and faith conference to learn and to share knowledge and visions on Christian youth work. WCC general secretary Rev. Dr Olav Fykse Tveit was one of the keynote speakers elaborating on that subject. He sees “holy” and “common” as two very different things which at the same time are closely related.

23 October 2018

Tale ved opninga av Trusopplæringskonferansen 2018, Gardermoen

17. oktober 2018

Tema: Hellig og allminnelig.

Kjære søstre og brør i Kristus!

Slik helsar eg alltid dei eg skal tale til i Kirkenes Verdensråd. Dette er utgangspunktet for alt vi er og gjer saman. Stundom må eg legge til ein del fleire tiltaleformer, alt etter kven som er til stades. I lys av dagens tema, og med god støtte i Bibelen og i truvedkjenninga, vil eg her legge til: «Heilage søstre og brør i Kristus!» De er jo litt av ei forsamling  av viktige, svært viktige menneske i kyrkja. Korleis framtida vert for kyrkja i Noreg, heng mykje saman med de som de kan bidra med på ulike vis. Vi kan seie det på ein annan måte: Korleis livet vert for mange alminnelege menneske her til lands, heng saman med kva de gjer. De har ei heilag oppgåve.  De formidlar til nye generasjonar vår heilage tru – og kva den kan gi heilage og alminnelege menneske i «samfunnet av dei heilage» i ei heilag og allmenn kyrkje.

Heilag og allminneleg. Heilag og allmenn. Det er to tema som liknar på kvarandre i ordlyd, men handlar for så vidt om to ulike ting. Likevel heng dei saman. Korleis? I kjærleik – slik som det meste i kyrkja sitt liv heng saman. Korleis desse store orda heng saman, er ganske avgjerande for kva de driv med – eller ikkje driv med.

1. Heilag og allminneleg. Det er mange definisjonar på ordet «heilag». Mange av dei omhandlar det guddomlege i ulike religionar, og korleis dette er annleis enn det vanlege, det profane – eller om de vil: det alminnelege. Det heilage er det «som sprenger erfaringsrammene vi har i dagliglivet», heiter det i ein definisjon i ei ordbok. Med andre ord det som ikkje er det alminnelege.

«Heilag» kan også vere ein måte å beskrive det livet som vert levd i samsvar med det guddomlege, den guddomlege livet. Det er svært vanleg tema i Bibelen og fokus i mange kristne tradisjonar; nokon er endå til kalla «holyness-movements».

«Heilag» er også brukt i overført tyding om det som skal handsamast med vørnad og respekt, «dette er heilt heilag for henne», «den heilage skrifta».

2. Heilag og allmenn. Dette er ord tekne frå (den apostolske) truvedkjenninga slik vi har den på norsk no. Frå dei fyrste formene av truvedkjennigna vi kjenner til frå 200-talet heiter det: «Heilag kyrkje». Dei to orda heng saman i truvedkjenningane. Det spelar på ulike dimensjonar i Bibelen: Det som er helga av Gud, dei som har eit heilagt kall, den som har ansvar for å forvalte dei heilage ting. Det viktige uttrykket «samfunnet av dei heilage» kan bety både samfunnet/felleskapet om dei heilage ting, det vil seie Ordet og sakramenta eller samfunnet av dei som er heilage, det vil seie dei som lever - og dei som er døde - i trua og felleskapet med Kristus.

Koplinga med det som er omsett med «allmenn», ordet  «katolsk», kom inn for å seie at det er tale om den kyrkja som deler det som er felles kristen lære og liv, det som er i samsvar med «det heile»  - historisk og aktuelt. Med andre ord: Den kyrkja som er i samsvar med rett felles kristen tru og lære. Det er ikkje heilt det same som «allminneleg», må ein vel seie. Det som høyrer Gud til, er helga, og det er ded kyrkja som lever i samsvar med kyrkja sitt verdsvide fellesskap og felles tru.

3. Kan ein samanfatte kva allmenn (katolsk) kristen tru og kristent liv er på ein enkel og tydeleg og klar måte ved å diskutere forholdet mellom det allminnelege og det heilage? Kva er det som kjem fram i vårt møte med den heilage Gud, og som er relevant for vårt vanlege liv i denne verda og for vår plass i kyrkja som institusjon og fellesskap, slik Bibelen og den kristne trustradisjonen formidlar det?

4. I kristen tru seier vi ikkje berre at Gud er heilag, men at vi er heilage. Og ikkje berre dei som vert kanoniserte som helgnar, men alle truande vert kalla for «heilage». Kva vil det seie at vi er heilage? Eg vil seie at det kan samanfattast i to setningar:

a) Du er elska av Gud og gjort heilag gjennom evangeliet, gitt deg i dåpen og trua.

b) Du skal elske Gud og dine medmenneske og slik leve eit heilagt liv.

Denne kjærleiken og dette kjærleiksbodet er det vi møter hos den heilage Gud som er annleis og som viser seg i Jesus Kristus – i hans liv, død og oppstode – og hans nærvær i kyrkja i dag gjennom Den Heilage Ande. Dette er det som skal og kan uttrykkjast i våre liv som kristne og som kyrkje.

5. Eit godt eksempel på denne måten å bruke ordet heilag på finn vi i Romarbrevet – som på mange måtar er eit skrift som kjempar med kva det vil seie å vere den ein er – som ulike, allminnelege (om ein vil) menneske og som har ulike identitetar, kulturelt, historisk, religiøst. Dette vert utfalda i møte med Gud, som ikkje gjere skilnad på folk. Men overfor Gud vert det nødvendig å erkjenne både for dei sterke og dei svake at ein kjem til kort – om ein aldri så mykje har hatt religiøs oppdragelse i generasjonar  - og oppdage at alle har bruk for endring. Dette er ei så radikal endring at det vert kalla for frelse, rettferdiggjering, at ein får del i det heilage, at ein vert heilag. Det som skjer er at noko endrar seg i min relasjon til Gud – og difor skal også noko endre seg hos meg sjølv i min måte å forhlde meg til dei andre på, spesielt dei som eg opplever er annleis enn meg.

Rom 1,7: «Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.» Her er vi rett inne i gudstenesteliturgien vår. Kan vi tenke oss at den starta med ei helsing til dei frammøtte som «dei heilage»? Kven er vi som vert kalla heilage? Dei som alle har synda og står utan ære for Gud (Rom 3). Alle treng evengeliet. Evangeliet er ei kraft til frelse.

6. Men det stoppar ikkje der: Rom 12,1ff: «Difor legg eg dykk på hjarta, sysken, ved Guds miskunn, at de må bere fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer,til glede for Gud. .. Tenk ikkje for store tankar om dykk sjølve... Lat kjærleiken vere ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode.....vinn over det vonde med det gode.»

Dei som er kalla «heilage» skal leve eit heilagt liv. Det er ingen tvil om at dette er meint å vere eit liv for alminnelege menneske med alminnelge utfordringar i livet. Det er eit liv for menneske som er kalt saman (ekklesia) for å vere kyrkje, i ei verd der ein høyrer heime, i ei verd som også representerer motkrefter til Guds rike.

7. Spørsmålet vert så: kan dette lærast?

Ja, og det er jo de spesielt satt til å gjere noko med det. Det finst mange gode og viktige kunnskapar om korleis dette kan lærast. Og då handlar det veldig mykje om praksis.

La meg peike på to ting eg har lært frå dei som kallar seg spesiel «den katolske kyrkja», med eksempel som tilhøyrer oss alle.

Det heilage liv har ein prøvd å gje former, mellom anna i klostertradisjonane. Eg var gjest hjå benediktarane då eg budde hos dei nokre månader i eit kloster i USA i samband med studier. Det Benedikt prøver å få fram i sin kloster-regel frå 600-talet (det er ei viktig, spanande og litt merkeleg bok – med veldig innflytelse), er korleis det blir når ein lever tett på kvarandre i eit fellesskap som også skal vere gjestfritt og ope for andre. Det slår meg at det han skriv er veldig praktisk. Det heilage livet må lærast ved enkle,  praktiske grep. Å vere ærleg, å vere fredeleg, å vere ansvarleg, å vere gjestfri. Alt dette kan og må innøvast. Det er ikkje så uvanlege emner for alle som prøver å oppdra barn i ein heim, i ein speidertropp, i ein klasse, i eit arbeidsfellesskap. Konkret gjeld det kva ein seier og gjer – og kva ein ikkje gjer eller seier. Ikkje lyge, vere open. Ikkje drive med rykter og baksnakking. Helse høfleg, gjere dei oppgåvene ein er sett til. Heilagt og alminneleg.

8. Eit anna tema om «heilag» er praksisen med å kanonisere og ære «helgener». Sist sundag vart fleire helgenkåra av Pave Frans i Roma. Mellom dei er avdøde erkebiskop Oscar Alfredo Romero. I går var eg på eit seminar i Italia der dei som har vore aktive i denne prosessen, fortalte ein del om kva som førte til dette. Romero vart skoten og drept medan han sto for altaret. Han var ikkje ein politkar, men ein erkebiskop som måtte ta opp urett i landet, brot på menneskrettane, som uttykte kritikk mot det undertrykkjande diktaturet, og som viste solidaritet og nærver med folk som strevde og vart utsette for vald og undertrykking.  Det var rett og slett hans måte å forkynne evangeliet på. Han vart erklært fyrst å vere martyr, ein som døde for evangeliets skuld.

Det vart sagt ein del om kva som prega Romero som person og som er framheva i denne prosessen. Han var ein som gjorde så godt han kunne det han oppfatta han var sett til å gjere, å vere leiar og biskop og prest for folket sitt. Han talte og viste kva evangeliet inneber i ord og gjerning. Særleg èin eigenskap vart framheva: Mot.

Også for helgener er det det heilage i det allminnelege som gjeldt. Det er å vere eit menneske som etterstreber dei eigenskapane som viser seg i kjærleiken til Gud og menneske. Med heilagt og alminneleg mot.

9. Kan ein lære dette? Ja, langt på veg handlar vel dette om god oppdragelse. Vi brukte uttrykket «kristen oppseding» før. Men det er vel også allmenne prinsipp og mål for god oppseding i heim, skule, i eit demokratisk og rettferdig samfunn? Det heilage kan bli uttrykt i det alminnelege.

Å lære a bli elska og å lære å elske. Korleis skjer det? I praksis. I ord som understrekar det som er praktisert, i ord som skaper noko nytt. I handlingar, i holdningar, i mønster for samhaldning. Vi kjenner kanskje eit ubehag om å snakke om heilag i forhold til oss sjølve. Er det noko vi ikkje vil verte skulda for, er det å vere skinnheilage. Men vi treng gode førebilete. Med mot, visdom og kjærleik.

10. Eit spørsmål til slutt: I lys av det som her er sagt, kunne ein av og til brukt andre ord enn «trusopplæring»? Skulle vi stundom heller kalla det «kjærleiks-opplæring»? Av og for heilage og alminnelege menneske – i ei heilag og allmenn kyrkje.

Olav Fykse Tveit, generalsekretær Kirkenes Verdensråd