Olav Fykse Tveit: Preike Ås kyrkje, Ås, 01.01.2017

Reformasjonsjubileum, ny relasjon stat-kyrkje i Noreg, Ås kyrkje 150 år.

Tekst: Lukas 2,21

JESUS ER HERRE

Kjære søstre og brør i Kristus,

Kjære sambygdingar i Ås!

Godt nytt år!

Det er nesten ikkje ende på kor mykje vi skal minnast og markere i denne gudstenesta. 500 år etter Reformasjonen. Den nye relasjonen mellom staten og Den norske kyrkja. Denne vakre og nyoppussa Ås-kyrkja er 150 år. I dag er det Jesu namnedag. Så feirar vi jo at vi startar det nye året, det Herrens år 2017. Vi tel framleis åra våre ut frå det ein munk på 600-talet meinte var året Jesus vart fødd, også no når det nøytralt kan heite før eller etter «vanleg tidsrekning».Denne historiske formelen, Anno Domini, i det Herrens år, kan vere ein formel også til å sjå samanhengen i dei mange trådar som samlar oss i dag.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Lukas, kapittel 2, vers 21:

«Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.»

Det vert fortalt som ei vanleg familiehistorie. «Dei kalla han Jesus». Eit heilt vanleg jødisk namn i den familien og den kulturen han var født inn i. Hadde vi lese vidare i Lukasevangeliet i det kjende kapittel 2 (som startar med juleevangeliet) hadde vi høyrt korleis Maria og Josef opptrer som skikkelegeforeldre, dei vart kalla «far hans og mor hans» (v 31). Dei gjorde det som vargod skikk og bruk ved barnefødslar i sin kultur. Dei venta til 8 dagar før dei omskar han og gav han namn. Så venta dei til nye 33 dagar var gått før dei bar fram takkoffer for han i templet i Jerusalem, som den førsteføddte av hankjønn i ein familie. Ei reinsingstid i følgje Moselova, der religiøs kultisk skikk og helsemessige omsyn er tett samanvevde. Dei var fattige, så dei ofra berre eit par dueungar. Så reiste dei heim til Nasareth, skriv Lukas. Denne vesle, fine,nytvegne, jødiske guten, ein av jordas mange barn, er fødd like sårbar og kjær for sine foreldre som barna til foreldra er i Syria og i andre land i dette området i dag. Dette med Jesus skjedde medan Quirinius er landshovding i Syria, det området Betlehem og Jersualem låg under i det romerske systemet.

Med andre ord, han er fødd inn i ein familie med sine utfordringar, inn i ein kulturell og religiøs samanheng som var i endring, i eit politisk landskap med sterke og til dels undertrykkjande krefter i sving, i eit gitt historisk moment med uro – men også med håp om endringar, om reformasjon, om frelse. Slike forhold som mange barn er fødde under - til alle tider.

Slik vart det langt på veg for dei som vart fødde på reformasjonstida, med store brytningar religiøst og politisk. Slik var det i noko mon den siste delen av 1800-talet i Noreg, med nasjonsbygging i unionstida, brytningar mellom det gamle og det nye, då dei bygde ny kyrkje her på Ås. Slik er det i dag når samfunnet vert meir pluralistisk og komplekst, religion og stat vert skilt i Noreg – i ei verd der religion og makt lagar nye farlege blandingar i verda.

Samtidig er det det uvanlege som stikk fram i desse orda frå evangelisten Lukas. Namnet hadde «dei», som no var mor hans og far hans, ikkje funne på sjølve.Det skulle vel vere ein rett foreldre har i alle familiar, sjølv om det er mange tradisjonar og besteforeldre og andre (så som prestar) som har blanda seg inn i namneval. Namnet hans hadde kome med bodskapen «frå det høge», med engelen Gabriel til Maria: «Du skal bli med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus. Han skal verte stor og kallast Son til Den høgste.» (Luk 1, 31f). Slik held det fram med ei kjent forteljing der ein himmelhær av englarfortel dei mest vanlege arbeidsfolka i Betlehem, gjetarane, kva som har skjedd og kva det betyr når han er fødd. Det er dei heilt uvanlege ting som vert lagt inn i forteljinga om det heilt vanlege. Kva sa dei? «Han er Kristus, Herren.»

«Namnet engelen hadde gjeve han». «Han skal verte stor og kallast Son til den Høgste.» Med dei få orda er alt sagt. Det er ord som berre er brukt om Gud, Herren, som vert brukt om dette barnet. Dette uendelege spennet som møtest i desse få orda har funne gjenklang i ordpar som «høgt og lågt», «himmel og jord». Dei gjev framleis ei viss meining som biletspråk, sjølv når vi veit at jorda er rund og vi sjølve stundom flyg 10 000 meter over havet. Dei uttrykkjerspenninga mellom det vanlege og det uvanlege, det kjende og det framande, det jordiske og det heilage, det menneskelege og det guddomlege. Og alt dette krystaliserer seg i namnet guten skal få, Jesus. Eit vanleg namn, Jesus, som vert eit heilt spesielt namn som tolkar det heile. Jesus tyder Gud bergar, frigjer og frelser (sitt folk – menneske).

Dette kan han vere fordi han kjem ned, fordi han vart «vanleg» sjølv om han var ein «framand», fordi han er ein som lever mellom oss. Han er ein som lever sitt liv for andre, difor vert han ein som døyr for andre. Fordi han gav avkall på sitt eige. Fordi han tømmer ut sitt eige til andres beste. Som eit barn. I ein tenars skapnad.

Difor er han den som kan verte opphøgt til det høgste og få eit namn som er over alle namn.

Det er dette som også vert den fyrste kristne vedkjenninga, slik vi høyrte det frå brevet til Filipparane: «Jesus Kristus er Herre».

Dette er den trua som har fornya kyrkja, reformert kyrkja, skapt nytt mot og nytt liv, og gjort at ein har følgt kallet til å forkynne evangeliet og byggje kyrkjerover alt i heile verda. Dette er ordet om ein Gud for alle, som vil frelse alle, som vil gje håp til alle. Difor er det ikkje berre ei tru for kyrkja. Det er ei tru som har lært å be – av Jesus: «Lat riket ditt kome, lat viljen din råde på jorda så som i himmelen.» I det livet vi menneske lever og skal leve i denne verda, på vår plass og i vår tid, stundom i kamp og i urett, stundom i feiringa og gleda, der høyrer trua på Jesus som Herre heime.

Og det er på den måten vi startar også dette året i Vår Herre Jesu namn. Det er i Jesu namn vi er komne hit, og det er i Jesu namn vi skal gå vidare. I forandring, i reformasjon, i nybygging, i tider som kjem, i følgje med Jesus, Jesus som er Herre.

Då Martin Luther ville invitere til ein diskusjon om kva som hadde vorte feil og måtte rettast på i kyrkja i si samtid, formulerte han 95 teser. Om han slo dei opp på døra til slottskyrkja i Wittenberg, er ikkje så sikkert. Men innhaldet i det han kom med, kjenner vi, og vi veit mykje om kva reaksjonar det skapte og kva endringar det førte til.

Den første tesa set oss på sporet: «Når vår Herre Jesus Kristus sa «omvend dykk», så meinte han at heile den kristne sitt liv skulle vere eit liv i omvending». Det er eit kall til å sette Jesus som Herre, i det enkelte menneske sitt liv, som er Luther sitt poeng. Dette kallet må gjelde kyrkja også, ikkje minst leiarane og alle med makt i kyrkja. Tesene er eit oppgjer med tanken om at menneske kan lure seg sjølv. Heller ikkje med kyrkjas hjelp går det. Det nyttar ikkje å tru at ein kan kjøpe seg Gud og Guds nåde. Ein vert ikkje frigjort fråeksistensiell frykt og skuld ved kommersielle grep. Det er ikkje noko alternativ til å vere ærlege og ansvarlege og dermed erkjenne at synd er synd. Ein kan ikkje lure Gud.

For det er Jesus som er Herre, som også veit kva menneskelivet er på godt og vondt. Og det er denne Jesus, som er vår Herre Jesus Kristus, som også kan tilgi synder. Det er Jesus som frelser menneske frå den vonde samanheng mellom synd, skuld, øydelagde relasjonar og urettferd, likesæle overfor dei som lir og for ein forurensa natur. Det er Jesus som viste ved si oppstode at liv av daude gror. Det er slik vi kan verte med i ei livslang endringsprosess, eit liv i omvedning, bort frå det vonde, og til alt det gode Gud har skapt oss til å vere for kvarandre. I kallet til omvending er det ikkje mørkemakta som rår; i kallet til omvending ligg håpet om at endring er mogeleg – til det betre. Dette gjeld i det evige perspektiv, og difor også no. Fordi Jesus er Herre.

Ei kyrkje kan ha mange slags former, mange slags bygg, mange slags ordningar, mange slags relasjonar til andre kyrkjesamfunn, til andre religionar, til staten, til andre institusjonar. Det har eg sett alle variantar av rundt omkring i verda, og det ser ein ulike variantar av i historia. Mykje er mogeleg, men ikkje alt gagnar like mykje det kyrkja skal vere på sin stad og i si tid.

Difor har ein lang, svært lang prosess frå 1800-talet til i dag ført til at Den norske kyrkja skal halde fram med å vere ei evangelisk-luthersk folkekyrkje, men no sjølvstendig og som sitt eige rettssubjekt. Ein av dei som har gjort svært mykje for å kome dit vi er i dag, er med oss i gudstnesta i dag,  biskop em. Andreas Aarflot.

Den same kyrkja med ei ny ordning. Slik det må vere i vår tid i vårt land. Eg var med og skreiv eit forslag frå eit utvalg om dette for 15 år sidan, og mykje av det er no vorte verkeleg. Det er gjort med tru på at kyrkja best kan tene folket ogfellesskapet på denne måten, i eit meir pluralistisk Noreg der alle har same rettar. Dei politiske styresmaktene i Storting og Regjering har lagt mykje til rette, og vil framleis ta sitt ansvar for å bidra til å finansiere denne og andre trus- og livssynssamfunn i Noreg. Framleis har kommunen mykje ansvar og ytet mykje for at dette skal vere slik, ved at t.d. det er midlar til å halde kyrkjebygg som dette i orden.

Dette er ei unik ordning, og rundt om kring i verda elles ser dei dels med undring på at vi har hatt statskyrkje så lenge og dels med undring på at ein kan friviljug løyse opp ei så gunstig ordning. No håpar vi at dei vil kunne sjå med undring og glede på at det er mogeleg å ha eit aktivt, livsynsope samfunn, der religion og religøse institusjonar er verdsette og spelar ei viktig rolle isamfunnet med eit godt økonomisk grunnlag for arbeidet ein skal gjere. Den norske kyrkja har mange ressursar, men også mange oppgåver. No må vi som er medlemer ta endå meir ansvar enn før for å fylle desse oppgåvene med å vere kyrkje. Slik skal det vere.

Dette kunne vore dagen å seie at «no er kyrkja herre i eige hus». Dette er nettopp dagen å ikkje seie det. For kyrkja har berre èin herre, Jesus Kristus. Eg trur at Jesus har vore herre i mi kyrkje også før denne dagen. Det betyr ikkje at det ikkje kan vere tid for endring. No er det eit nytt og gyldent høve til å tenke gjennom kva det inneber at Den norske kyrkja har Jesus som Herre. Kyrkja kan og må vise at denne endringa skal tene både medlemene i kyrkja og lokalsamfunnet, nasjonen og menneskeætta på den beste måte. Kyrkja er til for menneska som treng det kyrkja er kalt til å vere. Jesus som Herre vil stadig utfordre oss, han som viste at det er nettopp ved å tene andre og dei som treng det mest at ein oppfyller Guds vilje.

Den gamle kyrkja i Ås frå 1170 var flikka på og forandra på, men det var tid for noko nytt og større her i  Åsbygda i 1867. Landbruket i Noreg trengte ny kunnskap og nye teknikkar for å skaffe mat til den veksande befolkninga i Noreg. Dette var ei bygd som var på framgang med aukande folketal på gardane og tilflyttarar til den viktige landbrukshøgskulen. Då trengte ein også eitkyrkjebygg som kunne romme mange og som kunne stå som eit synleg teikn på at her er alle velkomne. Her er Guds hus og himmelens port.

Eg fekk oppleve det då eg gjekk inn i denne kyrkja for fyrste gong for 25 år sidan, og vart sitjande på ein av dei bakerste benkane med eit av barna mine på fanget. Eg skulle gjere teneste for Mellomkyrkjeleg råd med ansvar for økumenikk, internasjonale og interreligiøse spørsmål. Frå fyrste dag var det godt å bu på Ås. Endå betre var det å kome inn og kjenne seg heime her i Ås kyrkje, i det store rommet fylt av menneske som lytta med glede eller undring til preika, som song med styrke, som bad, som sto i lange køar for å kome til nattverdbordet.

Dei som var der, var oppvaksne på Ås eller hadde flytta hit som meg, eller dei var her på besøk frå andre delar av verda som studentar med omsetjing til engelsk frå galleriet tilgjengeleg i svarte headset på benken framfor meg. Det var som å stige inn i ein ny heim, eit teikn på at kyrkja her og der og overalt tilber den same Herre Jesus Kristus.  Det var med ei underleg og djup glede,som kjem fram og rører meg kvar gong eg er på gudsteneste her. Slik var detogså på julaftan i år då eg sto med eit barnebarn på armen og song at «slekt skal følge slekters gang» «i sjelens glade pilgrimsgang». Her i kyrkja samlast vi også ved dei markeringar av dei store skifte i livet, til barnedåp, konfirmasjon, her kjem menneske og vert vigde, her tek me farvel med våre kjære på vår veg gjennom livet.

Det var nettopp dette motivet med pilgrimar som følgjer vår Herre Jesus som dominerte den viktige felles katolsk-lutherske markeringa av Reformasjonen i Lund domkyrkje 31. oktober i 2016. Eg var der på vegne av Kirkenes Verdensråd for å markere at vi er ei økumenisk rørlse. Vi har gått ein veg saman dei siste 50 åra i den økumeniske pilgrimsvandringa frå konflikt til fellesskap. Ein ny milestein vart sett opp langs vegen. Paven og den lutherske, palestinskebiskop Munib Younan, president i LVF, signerte ei viktig erklæring om at det er det som samlar oss i trua på Jesus som Herre som skal vere det første og det viktigaste når vi når vidare. Dei seier: Saman vil vi følgje Jesus som Herre i den verda vi lever i saman, med dei haldningar og med det budskapet Jesus har gjeve oss. Vi vil ikkje vere kyrkje for oss sjølve, eller for sitt eige formål, men for den verda Gud har skapt og som strir med alt det vi menneske strir med, urett, ufred, synd og død. Luther vert anerkjent av alle som ein lærar som ville hjelpe kyrkja til å halde fasst på trua på Jesus og på Guds nåde.

Kirkenes Verdensråd har satt som tema for denne perioden av arbeidet at vi er saman på ei pilgrimsreise for rettferd og fred. Då eg snakte med Pave Frans om dette like etter at han var vald, sa han: Ja, slik er det. Det er det som er vårt kall i dag. Slik har han også formulert sin økumeniske visjon i mange talar. Vi søkjer saman ved å gå vidare saman, deler det vi har felles, tar tak i utfordringane og oppgåvene som ventar på oss saman. Eg var glad for å kunne seie til både han og min kollega Martin Junge i LVF at hendinga i Lund inspirerer heile den økumeniske fellesskapen langt utover dei katolske og lutherske kyrkjene til å halde fram på denne pilgrimsvegen mot einskap, mot fred og rettferd.

Det er når vi ser og vedkjenner at det er Jesus som er Herre vi kan få dei rette perspektiva på oss sjølve og vår eiga rolle i kyrkja. Vi skal ikkje gjere våre synspunkt absolutte, men vi skal la kyrkja si vedkjenning uttrykkje det vi har felles. Då kan vi våge å vere både kritiske og sjølvkritiske. Det er nokon som er høgare enn oss alle. Det gir oss håp. Før, no, og i framtida.

I Jesu namn startar vi det nye Herrens år med takk for alt det vi markerer i dag.

I Jesu namn startar vi året også med eit ærleg sinn, med ein viss frykt for alt det som dei mange herrar i denne verda kan stelle til i året som kjem. Men vi gjer det også med tillit til at det er mogeleg å finne vegar framover som gjer denne verda ein betre heim for oss alle. Kyrkja trur på den tenande og nærverande Jesus som Herre, som utfordrar alle med makt til å bruke den til det felles beste. Ein kan ikkje vere ansvarleg leiar og prøve å ta bort frykt ved å skape meir frykt.

Vårt kall er å skape håp, rettferd og fred.

Det er det menneske i Syria treng, det er det alle treng.

Dei gamle orda frå evangeliet er framleis gyldige, men dei treng nye uttrykk. Vi kan og vil skal skape desse uttrykka, her i Ås og kvar vi elles måtte vere, for å vise det at det uvanlege er midt i det vanlege. Vi kan og vi skal vise kva Jesu namn betyr: Gud frelser oss, Gud bergar oss, Gud bryr seg om oss alle. Også i det Herrens år 2017.

Slik seier den svenske diktaren Olof Hartmann det:

För att du nedsteg hit til de dömda, hit til de sargande, hit til de plågade ...

Vet vi vem Gud är.

Därför skal alla världer og varelser

Alt som har varit, är og skal komma

En dag bekänna det:

Jesus är Herre.

(Jf. Norsk salmebok nr. 358)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vere skal, ein sann Gud frå æve og til æve. Amen

8