World Council of Churches

A worldwide fellowship of churches seeking unity, a common witness and Christian service

You are here: Home / Resources / Documents / Olav Fykse Tveit, generalsekretær Kirkenes Verdensråd Preike i Trefoldighetskirken, Oslo, laurdag 09.12.2017

Olav Fykse Tveit, generalsekretær Kirkenes Verdensråd Preike i Trefoldighetskirken, Oslo, laurdag 09.12.2017

Preken dr. Olav Fyke Tveit ved den økumeniske fredsgave, som fant sted på treenighetskirken i Oslo, Norge. Feiringen ble organisert av Norges kirke sammen med representanter for ICAN i forbindelse med prisutdelingen av Nobels fredspris.

09 December 2017

"Å skape fred er heilagt arbeid"
Preike i Trefoldighetskirken, Oslo, laurdag  09.12.2017
Olav Fykse Tveit, generalsekretær Kirkenes Verdensråd

Tekst: Matt 5,9

Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.

«Dei som skaper fred.»  Det er vakre ord. Dei handlar om det beste i oss menneske, dei handlar om det som gjer at vi kan leve det gode liv saman. Det handlar om dei fredelege. Dei som skaper tillit og gode relasjonar. Dei som prøver å få fram det beste i oss. Dei som prøver å løyse konfliktar. Dei som finn det som samlar oss. Dei trengst, som før, kanskje som aldri før.

Det er lett å rive sund alt det som ligg i ordet «fred» (shalom, saalam, eirene, pax): Fellesskap, samhald, solidaritet, viljen til å dele, alt det som gjer at ein høyrer til i flokken som tek seg av kvarandre; fred er trivsel, helse, glede, liv. Vi treng fred for å leve saman. Det høyrer med til det vi ber om, når vi ber om det «daglege brød».

Det er ei stor og gyldig livsoppgåve å verne om freden, å opptre slik at vi er i stand til å vere eitt – sjølv om vi er ulike. Vi treng eksempel på at vi kan forandre verda til det betre. Vi, folk flest, kan vere med på å skape fred og gjere verda til ein fredelegare plass. Vi treng oppmuntringar som årets fredspris for å sjå at det går an. Det går an for ICAN, det går an for oss alle.

Alle treng fred. Vi treng det i våre næraste relasjonar, i det lokale, i landet, i verda, mellom ulike grupper og folkeslag, mellom ulike etniske grupper og raser, mellom ulike religionar og overtydingar.

Denne verda skrik etter dei som kan halde oss saman i fred og rettferd, slik at vi kan vere eitt i arbeidet med å dele ressursane, ta vare på klimaet, på havet, på jorda. Slik at vi kan skape ei framtid for våre born og barneborn som dei kan sjå fram til.

Vi treng ord som kan binde oss saman. Vi treng ord som kan skape normer og avtalar for korleis det bør vere, sjølv om det ikkje er slik, enno. Det er ikkje først når alle er samde og alle problem er løyste at verda treng internasjonale avtalar. Vi treng dei no. Alle statar kan bidra til å skape ei verd utan atomvåpen. Det er ikkje berre dei sterkaste sin rett som skal råde. Då må ein prøve ut fleire vegar til fred. Det trengst menneskerettar og internasjonal rett. Og det trengst respekt for menneskerettar og internasjonale lov. Det er ikkje berre den sterkastes rett som skal råde. Då blir det ikkje fred. Vi treng ord som får oss til å tru på fred. Vi treng ord som får oss til å skape fred.

Det er mykje som vert skada av vonde ord, av rå og uforsonleg tale. Det skadar våre nære relasjonar, det set oss opp mot kvarandre, i familien, i ein nasjon, i verda. Det er skadeleg, enten det er i twitter-meldingar frå presidentar og andre som vil utøve makt på den måten, eller i krigshissande propaganda. Det er farleg å leie folk og nasjonar ved å splitte og skape vondt blod mellom ulike grupper. Det er veldig farleg å bruke religion for å skape konflikt.

Men det er meir enn ord som gjer at menneske er såra i verda i dag: Det er millionar som ber sår og merke av ulike våpen. Mange er på flukt frå heimane sine. Mange møter stengte grenser når dei ber om asyl. Mange er døde.

Dei som overlever krig, ber på sår heile livet frå det vonde som skjedde, enten det er på kroppen eller i sjela, eller begge delar. Nokon av dei som overlevde dei einaste atombombene som hittil er brukte i krig, i Hiroshima og Nagasaki i Japan, er framleis mellom oss. Dei er vitne om at krig er det verste som kan skje, og at bruk av atomvåpen er det verste som kan skje i krig. Dei kan ikkje berre skade, dei kan øydeleggje alt. Absolutt alt.

Fred er veldig konkret for dei som har opplevd det motsette. Fred er eit vilkår for liv.

«Fred over jorden, menneske fryd deg!»

Det syng vi når vi skal feire jul.

Det syng vi også når vi feirar fredspris.

Gud er fredens Gud.

Vi menneske har fått den same oppgåva som Gud sjølv har: Å skape fred. Ikkje noko mindre enn det.

Jesu ord kvalifiserer vårt fredsarbeid med dei sterkaste orda: Velsigna er dei som skaper fred. Sæle dei som skaper fred. Å skape fred er å gjere det beste, å realisere vår draum, men også å oppfylle Guds vilje. Å skape fred er heilagt arbeid.

Fred er ikkje berre eit tema ved eit forhandlingsbord. Fred gjeld livet for folk flest. Fred er noko vi alle kan skape. Fred er noko ein må våge å tru på, og handle deretter.

Ei av forteljingane eg har bore med meg i livet, er den mor mi fortalde om den dagen då «freden kom». Ho snakka om freden som ein ven som kom og forandra alt. Ho var sjukepleiestudent og jobba og bar på pasientar til bomberom på sjukehus under flyalarmar her i Oslo under siste del av 2. verdskrigen. Ho fortalde om kjensla då dei ein maidag i 1945 hadde høyrt rykte om fred, men visste ikkje om det var sant. Dei tok seg inn til sentrum for å finne ut om det stemte. Ho vart overtydd då ho såg bål som lyste opp i gatene den kvelden. Det var blendingsgardinene som brann. Folket var overtydd om at det kom ikkje fleire flyalarmar. Det var folkets tru på ordet om fred, det var handlinga som viste at freden er ein realitet.

Når vi går ut i desembermørket med lysa våre i kveld, er vi ein del av den same fredsflammen, det same folkets tru på fred. Ja, meir enn det: Vi er ein del av den aktive kamp for ei jord og ei menneskeætt fridd frå trugselen om utrydding av atomvåpena.

I den same ånd har vi i Kirkenes Verdensråd i denne adventstida oppfordra til å tenne adventslys - rundt omkring i heile verda - for fred på Korea-halvøya. Der er det enno ikkje ein avtale om fred. Tvert om, det er truslar om bruk av våpen og endå til fare for bruk av atomvåpen. Uansett vil ein væpna konflikt der vere ein uoverskodeleg katastrofe – for folk i Korea i nord og sør – og for heile verda.

Nobels fredspris er noko av den største honnør ein kan få i denne verda i dag. Å samle verdas folk og nasjonar om ein traktat som seier at det er ikkje lov å bruke atomvåpen, eller truge med dei, og difor heller ikkje ha atomvåpen, er ei stor fredsgjerning. Det fortener ei stor ære.

Det er ikkje berre Nobelprisvinnarar som kan skape fred. Vi kan alle vere med på å bere visjonen og håpet om fred fram, og gjere den til noko konkret. Vi kan alle vere pilegrimar for rettferd og fred, menneske som er villige til forandring og som søkjer etter nye vegar til vår felles framtid.

Jesus gjev arbeidet for å skape fred den høgste ære: Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born. Dei får den høgste status fredens Gud kan gje dei.

Om vi vil, kan vi alle vere med på å skape fred. Det er vår høgste ære. I dag. I morgon. Kvar dag. Å skape fred er heilagt arbeid. Det gjer verda tryggare for oss alle, for alle barn og barnebarn.

«Deilig er jorden.»

Amen.