placeholder image

© Magnus Aronson/WCC

Under deltaking på Verdas økonomiske forum (World Economic Forum, WEF) i Davos, Sveits, frå 17. til 20. januar, oppmoda generalsekretær i Kyrkjenes Verdsråd (World Council of Churches) Olav Fykse Tveit verdas leiarar til å ta ansvar for menneskeheita på grunn av rettferd og fred for alle.

"Nye uttrykk for polariserande populisme fører til større splitting i vår verd og i våre samfunn," seier Tveit. "Vi ser meir stammefeidar, nasjonalisme, rasisme og vald. Hovedårsakene til disse trendane kan ofte finnast i dei negative effektane av økonomisk globalisering – eller av den totale motsetnaden, økonomisk proteksjonisme, ulikheit og eksludering – med fleire og fleire marginaliserte og utelatte menneske, som skapar endå større forskjell mellom dei rike og fattige."

Temaet for dette årets WEF er "Responsivt og ansvarlegt leiarskap", og i samanheng med temaet, reflekterar Tveit på spørsmålet: kven er utelatt?

"Å roa frykta til ei gruppe ved å auke frykta til ei anna kan ikkje vere løysinga", sa han. "Desse utfordringane krev leiarskap som står til ansvar for det heile og for ei menneskeheit, på grunn av rettferd og fred for alle. Ekte ansvarlege forhold, ikkje berre for eiarane, men også for ansatte, er ein føresetnad for ei sunn verksemd."

Ansvarleg globalt leiarskap i dag inneber ein mykje breiare horisont av ansvar, fortsette han.  "Økonomisk auke må gje dei ressursane som krevjast for utdanning, arbeidsplassar, helse og eit sunt miljø  - for alle. Skatt er felles ressursar som er nødvendig for berekraftig utvikling av eit samfunn, og bør ikkje unngås eller bli oversett", sa han. "I ein breiare horisont av felles ansvarlegheit for menneskeheita og fremtida for ein Jord, kan vi finne mykje betre løysingar saman enn i frå kvarandre."

Ansvarleg leiarskap virkar spesielt viktig no, sa Tveit. "Alle leiarar i alle sektorar må definere og lekamleggjere leiarskap basert på felles ansvar blant dei for å adressere dagens og morgondagens utfordringar.   Ansvarleg leiarskap kan ikkje bli bygt på halve sanningar eller ein etter-sanningstilnærming."

Ansvarlegheit ovanfor Gud tyder ansvar ovanfor alle dei som er skapt i biletet av Gud, tilførte han.

Medan verda frontar akutte problem relatert til klimaendring, vald mot born og terrorisme, treng dei sanne verdsleiarane kvarandres visdom, som ein får gjennom open og til og med kritisk dialog på tvers av interesser og grenser. "Å forplikte seg til ein visjon om inkludering og felles ansvar er ein utfordring for alle, uansett sektor", sa han.

"Likevel, dette er kva som krevst for globalt leiarskap i vår tid. Vi må fremje håp for alle, ikkje berre for våre eigne interesser eller interessene til våre verksemder, spesifikke grupper eller nasjonar."

Heile talen til Olav Fykse Tveit (pdf, 50 KB)

Medieinvitasjon: Intervjumuligheiter under Verdas økonomiske forum 2017